Takk for ein god juletresesong 2025!
Tilbakemeldingane frå dykk kundar har i sesongen 2025 vore overveldande. Tusen takk til dykk alle saman!
For oss er juletrea ein heilårsaktivitet. Alt i årsskiftet sette me fokus på juletresesongen 2026.
Igjen gjer me alt me kan for å levera dei fine juletrea som de kundar er vane med at me har - til sesongen 2026.
Ver velkomen til juletresesongen 2026!
Sesongen i 2025 var ein god sesong med godt salg og utruleg mange fine tilbakemeldingar om god kvalitet.
Alle godorda frå dykk kundar er den beste inspirasjonen me kan ynskja oss fram mot sesongen 2026.
Merk det som står om stell under fana Juletre, så vil juletreet halda seg fint lenge.
Merk og at 2025 var siste året i det feltet som me har tatt ut tre frå dei siste åra. Det feltet vil verta rydda og sådd i med gras til våren. Frå 2026 skal me over i eit felt på motsatt side av Fv 507 med innkjøring rett nedafor naboen i Nordsjøvegen 240. Velkomne alle saman til ein ny sesong i eit nytt felt i 2026!
Me legg òg ut eit fint kundebilete nedafor frå ei hytte i Sirdal. Tusen takk til kunden for biletet!
Hjarteleg velkomen til juletrefeltet vårt!
Me vil vera til stades der kvar dag før jul.
I juletrefeltet kan du få felt det treet du vel deg, merke eller sjølvhogge.
Me har òg eit stort utval av ferdighogde juletre i fleire størrelsar.
Utstillinga set me opp frå ca to veker før jul.
Opningstidane våre i 2026 er:
Mandag - lørdag kl. 12.00 til 16.30 tom onsdag 9. desember.
Mandag - torsdag kl. 12.00 til 19.00 fom torsdag 10. desember.
Fredag/lørdag kl 12.00 til 16.30 frå 11. desember
Sundagar kl. 12.00 til 16.30 frå 22. november.
Siste opningsdag er vesle julafta kl 12.00 til 16.30.
Vil du kjøpa juletre utanom desse tidene, er det berre å ta kontakt for ein avtale,
så skal me vera på plass. Tlf. 971 82 238.
Alle juletrekjøparar hjå oss får ta med seg greiner og greinkransar til pynt og dekorasjon.
Kundar som ikkje kjøper juletre kan få kjøpa greiner til dekorasjonar for ein gunstig pris.
I tillegg kan dei som har behov for ein juletrefot, få ein gratis fint brukt fot med på kjøpet, så langt som lageret vår rekk.
Meir praktisk info og tips til stell av juletreet finn du på sida "Juletre".
Velkomen!